Skolebussen i Coronatid

Sist oppdatert 23. april 2020 15:02

Informasjon frå Kolumbus:

Ein må begrense bruk av offentleg transport til og frå skolen så mykje som
mogleg, jf. nasjonal rettleiar.

I tillegg til krav om avstand på ein meter i buss (nasjonal rettleiar) er
det viktig å merke seg følgjande presiseringar frå Kolumbus:

Sjåførane har ikkje anledning/kapasitet til å rettleie elevane
ombord i bussane, her må føresette informere
elevane på førehand korleis dei skal setje seg i bussane.

Ein elev pr dobbelsete (sysken kan sitje saman).

Sjåførane har heller ikkje anledning til å hjelpe dei minste
med setebelte.

Framdøren på bussane er sperra, kun inngang/utgang bak.

Dei to fremste seteradene ombord i bussane er avsperra.