Sjuke elevar skal ikkje vere på skolen eller sfo

Sist oppdatert 27. april 2020 14:06

Sjuke elevar skal ikkje komme til skolen eller sfo.
I rettleiar til Udir står det

«symptom på covid 19 , særleg hos barn, kan vere like og vanskeleg å skilje frå andre luftvegsinfeksjonar. Covid 19 smittar hovudsakleg via dråpe- og kontaktsmitte. Det er først og fremst personar med symptom som er smittsame. Dei hyppigaste symptoma på covid 19 er i starten halsvondt, forkjølelse og lett hoste, i tillegg til hovudpine og muskelsmerter»

Udir skriv vidare om når elevane må halde seg heime:

Elevar med luftvegssymptom:

Elevar skal sjølv med milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle, ikkje møte på skole/SFO. Dei skal halde seg heime til dei har vore symptomfrie i 1 døgn.

Elevar som har bekrefta covid-19:
Skal vere i isolasjon. Det er helsetenesta som avgjer kven som skal vere i isolasjon og kor lenge etterpå (se www.fhi.no).

Elevar som er nærkontakt/husstandsmedlem til ein person med bekrefta covid-19:

Skal vere i karantene. Det er helsetenesta som avgjer kven som skal vere i karantene og kor lenge etterpå(se www.fhi.no).

Føresette som har luftvegssymptomer, er i karantene eller isolasjon:

Skal ikkje møte på skole/SFO, og må finne andre løysningar for følging og henting av elevane.

Du finn rettleiaren her.

Treng du å snakke med helse for å sjekke kva du bør gjere, ring Karmøy kommune sin koronatelefon 52812360. Den er betent måndag-fredag 08.30-16.00 og laurdag 10.00-16.00.

Frå 27. april gjeld vanlege fråversreglar for 1.-4. steget.