Sunne friske barn

Sist oppdatert 11. mai 2020 08:12
FAU og skolen vil prøve å motivere våre elevar til å gå, sparke eller sykle til skolen. Ein aktiv start på dagen er godt for helsa. Ein får frisk luft og klårt hovud til første time. Dette vil også bidra til færre bilar utanfor skolen, der det til tider er trafikkfarleg rundt skolestart og skoleslutt. Det vil altså også bidra til ein tryggare skoleveg.

Det er ingen grunn til å bli køyrt med bil når du går på Stokkastrand skole.

 

FAU vil premiere beste klasse. I tillegg vil me trekkje ei premie blant dei elevane som får fullt hus, pr klasse.

Me oppfordrar også 1.-3.klassingar til å melde seg på. Ein kan gjere avtalar mellom barn frå samme gate om å gå eller sparke saman. (Minner om at Trygg Trafikk si anbefaling om å vere 10 år før ein syklar åleine i trafikken.)

Aksjonen startar måndag 11. mai og avsluttar fredag 12. juni Vinnarane blir
avslørt måndag 15. juni i teamsmøte med alle klassane.

 

Når du går,  sparkar eller syklar må du hugse å seie    hei!         til alle du møter!

 

Sjå heile plakaten, den ligg til høgre.