Endeleg får alle elevane komme tilbake til skolen

Sist oppdatert 8. mai 2020 14:35

Flagget vil bli heist til toppen på måndag! Me gler oss enormt til å få alle elevar på skolen igjen.
Når alle nå skal tilbake på skolen må me gjere om på ein del ting, slik at me får plass til alle. Me har gode rutinar for smittevern på skolen, som byggjer på den nasjonale- og kommunale rettleiaren. Elevane på 5.-7.steg får ein elevversjon heim i Showbie, slik at dokker kan lese den saman. 1.-4.steg har allereie praktisert den i 2 veker.

Nokre elevgrupper (klassar) vil bli delt inn i to inne, men kan vere saman ute. Derfor vil alle klassane kunne leike saman i friminutt og på tur.
Elevane i 1.-4.steg kan komme til skolen mellom 08.15 og 08.30. Dei vil då bli møtt i skolegarden, og vidaresendt til den garderobe og klasserom dei skal vere i. Der vil dei bli møtt av læraren sin. Elevane vil få informasjon av læraren om kvar dei skal vere. Elevane på 5.-7.steg skal ikkje møte før 08.40. Då unngår me for mange elevar som skal inn samtidig.

Alle elevane må komme med nyvaska hender til skolen.

Me ønskjer at elevane skal dele minst mogleg av utstyr. Derfor er det fint om elevane har med seg eigne fargeblyantar, blyantar og viskelær i pennalet sitt. Me håper også at dei kan ha ranselen sin her på skolen. Då kan den henge på stolen, med alt utstyret deira i. Då blir det ikkje vandring til å frå elevhyllene. Men så må dei ha ein liten sekk til iPad og mat. Det vil ikkje bli lekser dei første vekene, men ein må hugse å lade iPad’en.

I utgangpunktet ønskjer ein ikkje at elevane skal bruke offentleg transport. Les meir om dette på heimesida vår, jmf Udir sin rettleiar. Skolen og fau har derfor satt i gang ein “Sunne og friske barn”-aksjon frå måndag av. Les om den også på heimesida.