God sommar

Sist oppdatert 25. juni 2020 10:21

Det blei eit merkeleg skoleår i år. Me har drive heimeskole, og når me fekk starte opp igjen var det bare med 1.-4. klasse. Og då med mange uvante rutiner og reglar. 5.-7. klasse hadde heile 7 veker med heimeskole. Lærarane og elevane gjorde ein kjempejobb i denne tida, med foreldra som ei nødvendig støtte. TAKK TIL ALLE!!

Me har ikkje hatt felles friminutt, felles fysiske møter eller fellessamling i denne tida. Det har gjort at mange elevar ikkje har sett kvarandre, personal som ikkje har sett kvarandre.

Derfor var det ekstra kjekt med FELLESSAMLING ute i skolegarden før me tok sommarferie. Å endeleg ha alle våre elevar i “same rom” igjen.
Det var ei tradisjonell samling. Me song i lag, 2 klassar opptrådde for oss, 7.klasse takka av og me takka dei, og skoleåret blei avslutta med ein innslag av lærarane. Endeleg litt god skoletradisjon igjen.

Me ønskjer alle elevane, og deira familiar, ein god og varm sommar!

 

Skolen startar opp att måndag 17. august 08.25.

Merk oppstart 08.25. Sjekk bussruteendring!