Når kan elevane komme til skolen

Sist oppdatert 9. september 2020 13:48

Elevar skal komme på skolen/SFO:

  • Når dei ikkje har symptom på sjukdom.
  • Ved gjennomgått luftvegsinfeksjon kan elevar komme tilbake når dei har god allmenntilstand.
  • Viss ein i husstanden har symptom på luftvegsinfeksjon, men ikkje bekreftet covid-19, skal eleven møte i skole/SFO som normalt.
  • Alle med nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon skal bli sendt heim frå skole/SFO og bli heime til tilstanden er avklart.
  • Elevar med typiske symptom på allergi (kjent allergi, rennande nese, rennande/kløande auge) kan møte på skole/SFO.
  • Mange yngre barn har ofte rennande nese utan andre symptom på luftvegsinfeksjon, og særleg etter at dei har vore ute. Desse barna kan komme på skolen/SFO viss barnet ikkje har feber og elles er frisk.
  • Nokon barn kan ha restsymptom etter ein gjennomgått luftvegsinfeksjon som til døme rennande nese (uavhengig av farge på nesesekret) eller sporadisk hoste. Desse elevene kan komme på skolen/SFO dersom allmenntilstanden er god og eleven er tilbake i si vanlege form.

Foresatte som er friske og ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon, kan følgje og hente barna sine på skole/SFO som normalt.

Smittevernlegen og kommuneoverlegen vil heile tida ha oppdatert informasjon her.

Du finn Udir sin rettleiaren her.

Treng du å snakke med helse for å sjekke kva du bør gjere, ring Karmøy kommune sin koronatelefon 52812360. Den er betent måndag-fredag 08.30-16.00 og laurdag 10.00-16.00.

Vanlege fråvêrsreglar gjeld.