Markering for ny skole på Stangaland

I dag har 2.klasse og elevrådet deltatt på ei markering for den nye skolen. Grunna pandemien kunne ikkje heile skolen delta.

2.klasse blei skyssa i buss og elevrådet sykla til skoletomta. Der møtte me 2. klasse og elevrådet frå Eide skole. Me såg at dei har byrja på sjølve skolen. Gleding!

Det starta med tale av ordføraren. Etterpå snakka ein frå Kruse og Smith. Han starta med at framføre seg såg han mange potensielle Kruse og Smith-arbeidarar i framtida. :-)

Etter dei var det tale frå leiaren i Hovudutval for Oppvekst og kultur. Så var det endeleg tid for song med elevane i 2.klasse. Eide og Stokkastrand song saman. Det var vakkert!

Til slutt blei elevane overraska med flammeshow.

2.klasse blei skyssa tilbake til skolen der dei hadde bollefest. Elevrådet gjekk vidare til rådhuset. Der fekk dei høyre litt om rådhuset og kven som jobbar der. Dei fekk også høyre om den kusten som er i foajeen på rådhuset. Etterpå var det opning av utstillinga “Min drøymeskole”; teikningar laga av 2.klasse på Stokkastrand og Eide skole . Den vil stå oppe dei neste vekene, for dei som har lyst å sjå.

Markeringa blei avslutta med pizzafest for dei som hadde deltatt.

Ei flott markering var det!!