Heimeskole

Elevane i 6.klasse fekk i oppgåve å skrive eit innlegg til heimesida vår under heimeskolen:

Eg synes det har gått bra å ha heimeskole denne perioden. Det som har gått fint er at eg greier å jobbe litt meir sjølvstendig i forhold til i fjor då me hadde heimeskole.

Det har vore litt gøy, fordi tanten min og søskenbarnet mitt har budd hos oss.

Eg kjem ikkje på noko som har vore vanskeleg, men eg saknar dei andre i klassen min. Eg håper det snart blir normalt igjen.

Skrive av Siri Snørteland Aarestad