17. mai feiring med skolen

Det blir inga vanleg 17. mai-feiring dette året heller. Dette ville lærarane gjere noko med, og i dag har me hatt 17. mai på skolen. Heile skoledagen gjekk til feiringa.

Me starta dagen med å heise flaget. Elevane stod stille då flaget gjekk til toppen og lytta til fanfare med Reidun. Det var vakkert. Etterpå var det kransenedlegging med 6. klasse. Dei fortalte oss om flyet som blei skutt ned over Torrvika under krigen og la ned krans ved flagstonga.

Me stilte opp til tog, hadde ikkje korps men ein høgtalar som spela korpsmusikk. Elevane song og ropte, det føltes nesten som om me var i Kopervik. Turen gjekk til Bråtafeltet. Mange foreldre og bygdefolk hadde tatt turen ut for å sjå oss. Gildt!!

Tilbake til skolen song me Ja vi elskar og fekk tale for dagen med 7.klasse.

Etter det var det tid for 7 ulike stasjonar med leik, moro, snop og grillpølser. Dagen blei avslutta med is.

Me høyrde korpsmusikk, elevar som ropa og heia og som deltok i konkurranse. Glade elevar og ei lita ulukke med litt gråt. Det lukta grilla pølse. Lyden og lukta var som ein vanleg 17. mai. Elevar og lærarar gjekk lukkelege til langhelg.

God 17. mai til alle!!