Besøk av våre nye 1.klassingar

Onsdag 5. mai fekk skolen besøk av dei nye førsteklassingane – dei som skal bli 1. klasse til hausten.

Me var spente då dei kom saman med barnehagen sin. Dei fekk komme inn i gymsalen vår der Gro Anita hadde mange bilete som viste korleis det er på skolen vår.

5.klasse, som skal vere fadrar for dei nye elevane, song for oss. Alle elevane blei ropa opp og dei fekk seg skolebok og blyant, før dei fekk ein guiderunde med 5.klassingar for å sjå skolen vår.

Dagen blei avslutta i skogen. Der var det tid for leik og moro mens Signe på sfo laga toast til oss på bålet. Det blei ei fin stund og nå kan me nokre av namna på dei som skal starte hos oss.

Me gler oss til å bli godt kjende med dei. Dei kjem tilbake på førskoledag 9. juni.