Heime frå skolen – eller ikkje?

Det er ikkje sikkert barnet må vere heime frå skolen, sjølv om det ikkje føler seg heilt i form ein dag. Bruk sunn fornuft når du skal avgjere om barnet skal vere heime eller ikkje. Spør deg sjølv:

  • Er barnet friskt nok til å vere med på aktivitetane gjennom skoledagen?
  • Ville du vore heime frå skolen sjølv, om du var i tilsvarande form som barnet ditt?
  • Fråvêrsteamet plar å setje grensa ved:
    – feber
    – oppkast
    – diare

    • Les meir om dette på nhi.no 
    • Karmøy kommune er opptatt av elevane sitt fråvêr og har oppretta eige Fråvêrsteam som kan hjelpe viss ein opplever at det er vanskeleg å få barnet til skolen om morgonen.
      Har du eit barn som har sporadisk fråvêr, ein dag i nye og ne, kan det hende du bør søkje skolen for hjelp.