Visma
Det er viktig at alle lastar ned Min skole-appen og tar den i bruk.
Skolen vil sender meldingar via denne, og ikkje via sms. Her kan foreldre sende meldingar til skolen og/eller melde frå om fråvêr viss eleven er sjuk.
Du kan laste ned appen frå:
https://play.google.com/store/apps/details?id=com.visma.vfsmobileparentapp
https://itunes.apple.com/no/app/min-skole-foresatt/id1355018418?mt=8
Visma Min skole-app er for dialog mellom heim og skole. Første gong du brukar appen, må du logge deg inn med ID-port. Dine skolebarn vil då automatisk komme opp. Her kan du sende meldingar til dei tilsette, og du kan leggje inn sjukefråvêr.
Merk deg at du må velje alle dei tilsette som skal ha meldinga. Når det gjeld sfo er det best å velje alle, då det er ulike tilsette som opnar og stenger dei ulike vekedagane. Det same gjeld skole, vel dei to hovudlærarane i klassen.
Søknad som fri
Skal foreldre søkje eleven fri frå undervisning, må ein logge seg på visma via internett. https://skole.visma.com/karmoy
Her kan du søkje permisjon, gi ditt samtykke til bilete og køyring (kjem på plass august 2019).
Har du problem med å få dette til å fungere, ta kontakt med skolen på telefon 52812240. Me hjelper gjerne!